Kategori
Ullsheim 9.7.2014:
Postet av Markane IL den 9. Jul 2014
NRK Sommeråpent sender direkte frå Ullsheim i kveld kl. 2130!
NRK Sommeråpent sender direkte fra Ullsheim i kveld kl. 2130. Det vert sending vekselvis frå studio på Operataket i Oslo og frå Ullsheim. Ronny Brede Åse vert reportar frå Ullsheim.
Alle stryningar vert derfor oppfordra til å kome og vere med på ein fin kveld på Ullsheim.
Fint om alle som vil kome, er på Ullsheim seinast kl. 2100.
Tema for kvelden er: Skiskyting i Stryn og Bøeffekten.
NRK vil ha opplegget som ei trening der ein viser aktiviteten samt litt om rekruttering og korleis den er påvirka av Tarjei og Johannes sine prestasjonar.
Utøverane tek med seg både våpen og rulleski som på ei vanlig trening (eventuelt joggesko for dei yngste som ikkje har rulleski)!
Dei som har Markane-jakke, stiller i denne!
Det vert sal av kaffi / saft, vafler og frukt frå Årestova.
Alle velkomne!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.