Kategori
Fjellvang 19.6.2014:
Postet av Markane IL den 15. Jun 2014
IL Veten innbyr til sesongens fjerde nær-o-løp
IL Veten innbyr til sesongens fjerde nær-o-løp torsdag 19. juni.
Første start kl. 1800.
Start på Fjellvang. Det vert merka frå Panoramavegen.
Løyper: 5 km A-løype, 3 km A-løype, 5 km C løype (mosjonsløype), 2 km C-løype; 1,5 km N-løype.
Startkontingent: 0-16 år kr 20. Over 16 år kr 40.
Premiar til alle opp til 12 år!
Det vert totalt sju løp i årets nær-o-løp sesong. Dette løpet er det siste løpet før sommarpausen.
Det trengst fire løp for å sikre seg samanlagtpremie. Det betyr at det framleis er mogleg å sikre seg årets samanlagtpremie om du ikkje har vore med så langt i sesongen, men då gjeld det å delta på alle løpa som står att!
Resultatlister over dei tre første løpa og samanlagt så langt finn du i venstremenyen under orienteringsgruppa -->resultat o-løp 2014.
Bli med på o-løp!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.