Kategori
Arkiv
Innbyding til Nordea samling 22.-24.aug
Postet av Markane IL den 14. Jul 2003
Markane IL og Nordea vil i år igjen innby til langrennssamling for aldersgruppa 12-15 år på Ullsheim. Odd-Bjørn Hjelmeset blir med oss som trenar i år òg! Nedanfor finn du innbyding til samlinga.
Stryn 14.07.03
Til skigruppene v/ leiar
Til utøvarar
 
 
VELKOMNE TIL NORDEA SKISAMLING 2003
 
Gode skivener!
 
Så er det igjen klart for den årlege skisamlinga på Ullsheim i Markane. I år vert dette eit samarbeid mellom Markane IL og Nordea, og sjølvsagt håpar vi at vi greier å fylle opp Ullsheim med spreke skiglade ungdomar frå ulike skigreiner.
Samlinga er open for jenter og gutar i alderen 12 – 15 år, dvs årsklassane 1991, 1990,1989 og  1988. 
Tidsrommet for samlinga er frå fredag 22.august, til søndag 24.august, og det blir i alt 4 treningsøkter.
Hovudtrenarar for samlinga blir som tidlegare år Odd-Bjørn Hjelmeset, og forhåpentlegvis vil han og dei andre trenarane gjere sitt til at de alle får eit godt utbyte av desse treningsdagane!
 
Planen for samlinga er som følgjer:
 
Frammøte:             Fredag 22.august klokka 17.00-17.45, på Ullsheim.
                                Avslutning blir ca klokka 14.00 søndag 24.august.
 
Mat:                       Alle måltid er inkluderte (middag fredag & laurdag + frukost og lunsj laurdag & søndag)
Hugs nistepakke fredag som de kan ete i bra tid før treningsøkta!
Det vert også open kiosk på Ullsheim.
 
Overnatting:        Flatseng på Ullsheim – ta med sovepose, madrasser har arrangøren
 
Trening:                Fredag 22.aug:    1) Treningstur på spreke bein – start klokka 18.15.
                                                         Avslutning med stafettar, styrke og spenst
         Etter middagen vil Odd-Bjørn organisere litt konkurransar og      andre lure ting. 
Laurdag 24.aug:          1) Alle: Intervalltrening og myrfotball   - HARD ØKT
                                                                      2) 12 – 13 år: Bassengaktivitet i Stryn Symjehall
14 – 15 år: Rulleski / evt rulleskøyter for dei som ikkje har rulleski
                                                                              
Søndag 19.aug:   1) Alle: Langtur / fjelltur
Felles avslutning med uhøgtidlege småstafettar / konkurransar 
 
Utstyr:               Rulleski, skisko + stavar og ekstra piggar / evt rulleskøyter (14 – 15 år), 
                            Treningsklede for alt slags ver,  inkl badetøy
                            Joggesko (ta gjerne med eit ekstra par dersom du har det), drikkebelte
 
Pris:                  Overnatting med mat kostar kr 350.-  
 
Påmelding:      Pga. overnatting og matservering har vi sett ei deltakargrense på 50 stk – ver tidleg ute med påmelding! 
                               
                                Påmeldingsfristen er tysdag 19.august, til Jan Egil Gjørven
                                Adresse: 6783 STRYN
                                Telefon: priv 57872227, mob 41516381, e-post: 
 
Nokre av dei aktuelle utøvarane har fått personleg invitasjon, men det er langt frå sikkert at vi har nådd ut til alle. 
Vi oppfordrar difor dei ansvarlege i skigruppene rundt om i laga til å informere sine aktuelle løparar om samlinga, og samstundes oppfordre så mange som mogleg til å vere med! Vi er klare til å ta imot dåkke!!!!
Sjekk og vår internettside:  http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?id=25802 
 
Beste skihelsing frå 
Markane IL og Nordea
Markane IL og Nordea vil i år igjen innby til langrennssamling for aldersgruppa 12-15 år på Ullsheim. Odd-Bjørn Hjelmeset blir med oss som trenar i år òg! Nedanfor finn du innbyding til samlinga.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
