Kategori
Arkiv
Ullsheim 28.02.2012:
Postet av Markane IL den 28. feb 2012
Resultata frå renn 4 i Telenorcupen.
Startfelt frå cuprenn nr 3. Foto: Sigbjørn Kirkeeide
Årets fjerde renn i Telenorcupen vart arrangert på Ullsheim tysdag 28.februar.
I alt 60 deltok i rennet som gjekk i fri teknikk.
For klassane frå 11 år og oppover var rennet ein omvendt jaktstart. Utgongspunktet for jaktstarten var det andre rennet i årets
cup, men det var også høve å stille opp for dei som ikkje var med då.
Nikolai Dispen Lødemel vann klassen for gutar 11-12 år føre Magnus Midthjell Gjørven. Alberte Kirkeeide Næss var vann jenteklassen.
I klassen for gutar 13-14år vart det siger til Håkon Midthjell Gjørven med Odd Sindre Tonning på andreplass. I klassane frå 15 år og oppover blei det førsteplass til Roar Alsaker i herreklassen medan Janne Alsaker vart klassevinnar i dameklassen.
Siste renn i årets cup vert arrangert 20.mars og då skal deltakarane prøve seg på skicross.
Komplett resultatliste frå kveldens renn er utlagt nedanfor. Foto frå rennet kjem om litt.
Logg inn for å skrive en kommentar.