Topp-ti plasseringar til Katrine Svarstad Heggdal og Linnea Melheim Espe

Postet av Markane IL den 22. Mar 2025

Katrine Svarstad Heggdal (Arkivfoto: Fjordingen) vart nr 8 i K19 og Linnea Melheim Espe nr 9 i K20-22 på normalen under NM for ungdom og junior i Folldal. Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL tok NM-gull i K20-22.


Det vart gull til Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL i K20-22 under NM for ungdom og junior. Men også fleire av Markane sine deltakarar gjorde det godt i NM. I same klasse vart Linnea Melheim Espe nr 9.  Ho trefte 18 av 20 blinkar og var i mål 4 min 18 sekund etter vinnaren. Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein 19.plass i klassen etter ein liten blanda dag på standplass med totalt 6 tilleggminutt. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nr 24, Mari Sofi Meland nr 28 og Elina Østerbø nr 32.

Den beste plasseringa til Markane denne dagen kom i 19-årsklassen der Katrine Svarstad Heggdal gjekk inn til ein flott 8.plass. Katrine skaut fullt på begge dei liggande skytingane, men fekk 3 minutt tillegg på kvar av dei ståande. Ho var 4 min 19 sekund etter Julie Tronerud Kvelvane som tok NM-gull. 

Simon Hjelmeset Kirkeeide deltok i menn senior og gjekk inn til ein 20.plass. Han hadde seks tilleggsminutt og var 5 min 46 sekund etter klassevinnar Herman Dramdal Borge.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.