8.plass til Mari Sofi Meland på sprinten i Norgescupen
Postet av Markane IL den 22. Mar 2025
Mari Sofi Meland gjekk seg inn til 8.plass på Norgescupen i sprint i Folldal og sørga med det for at det vart ei topp ti plassering til Markane også denne dagen.
Mari Sofi gjekk eit godt gjennomført løp med feilfri skyting på liggande og ein runde i ståande. Med bra fart også i løypa gjekk ho seg inn til ein flott 8.plass.Ho var 1min 1 sekund etter klassevinnaren i K20-22 som nok ein gang var Ann Kristin Aaland frå Hardbagg med feilfri skyting.
I same klasse gjekk Elina Østerbø inn til 14.plass, Emilie Flo Stavik vart nr 17, Linnea Melheim Espe kom på 21.plass og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nr 27.
I K19 hevda Katrine Svarstad Heggdal seg nok ein gong i toppen med ein 12.plass trass i at det vart totalt fire bom. Ho var 2 minutt og 40 sekund etter vinnaren Julie Tronerud Kvelvane
Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nr 15. Han låg godt an etter feilfri skyting på liggande, men med fem bom på den ståande skyting vart det til slutt ein 15.plass 1 minutt 27 sekund etter vinnaren i menn senior. Espen Uldal. Aksel Mathias Meland gjekk inn til 27.plass i same klasse med totalt to bom
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL

Sogn og Fjordane tok NM-gull på stafetten!
02.04.2025

Kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
02.04.2025

NM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide
28.03.2025

Takk for innsatsen til brørne Bø!
25.03.2025