Vik 2.2.2014:
Postet av Markane IL den 2. Feb 2014
God innsats av MIL-løparane på sprint og jaktstart i dag.
Sigurd Fotland Fænn vann sprinten i klasse G12 foran Oskar Guddal Breivik. Foto: Kari Tonning.
På dag 2 av KM i Vik gjekk klassane til og med 12 år også i dag sprint medan årskulla frå 13 år og oppover gjekk jaktstart seinare.
I klasse G12 vart det Markane både på 1. og 2. plass då Sigurd Fotland Fænn vann klassa foran Oskar Guddal Breivik. I klasse J11 kom Maren Hjelmeset Kirkeeide på andreplass.
I dei urangerte klassane har Håvard Tonning, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Selma Guddal Breivik og Mari Sofi Meland alle gjort solid innsats både på standplass og i løypa.
På jaktstarten vart det Aksel Mathias Meland som gjorde det aller best. Han gjekk også i dag til topps i klasse G15. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk seg opp til andreplass i G13 medan Magnus Midthjell Gjørven vart nummer fem i G14. I klasse G16 gjekk Odd Sindre Tonning seg fint oppover lista til ein tredjeplass. Dei øvrige markaneløparane i klassa plasserte seg på rad og rekkje med Håkon Midthjell Gjørven på 5. plass, Andreas Halsteinslid på 6. plass og Grim Nygård på 7. plass. Gaute Bø vart også idag nummer to i G17. Også Georg Kristian Halsteinslid fekk same plassering som i går, med ein tredjeplass i G18.
Det var noko ruskete vindforhold idag og det vart dermed nokre bom på dei fleste. Men alt i alt flott innsats av alle våre 16 som tok turen til Vik.
Resultat skiskyting sprint Vik 2.2.2014
Resultatliste skiskyting jaktstart KM Vik 2.2.2014
Håvard Tonning (nr 3 frå høgre) har gått to gode løp i Vik i helga. Her saman med resten av deltakarane i G10. Foto: Kari Tonning.
Aksel Mathias Meland vann jaktstarten i klasse G15. Johan Olav Smørdal Botn frå Stårheim kom på andreplass og Sindre Gjøsæter frå Kvam kom på tredjeplass. Foto: Ingrid Meland
Maren Hjelmeset Kirkeeide kom på andreplass i klasse J11. Klasse vinnar var Hedda Carlsen medan Emma Poiree vart nummer tre. Foto: Kari Tonning
Gjengen frå Markane IL har gått i hus i Vik.
Mange deltakarar frå Team Statkraft Nordfjord i klasse gutar 16 år: Grim Nygård, Andreas Halsteinslid, Håkon Midthjell Gjørven, Matias Lote Henden og Odd Sindre Tonning. Foto: Ingrid Meland
Aksel Mathias Meland på veg ut i løypa på jaktstarten. Foto: Ingrid Meland
Dobbelsiger til Markane i klasse G12: Sigurd Fotland Fænn vann sprinten føre Oskar Guddal Breivik. Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen vart nummer tre. Foto: Ingrid Meland
Markane sine deltakarar i klasse J10 år og yngre: Selma Guddal Breivik, Mari Sofi Meland og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide. Foto: Ingrid Meland
Det er godt å berre henge litt etter ei lang skiskyttarhelg. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Mari Sofi Meland og Selma Guddal Breivik. Foto: Ingrid Meland
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024