Minner om:
Postet av Markane IL den 14. Jul 2013
Turorientering 2013
Vi minner alle om vårt turorienteringstilbod, og håper fleire vil nytte ferien til å teste ut turorientering. Turorientering er eit flott tilbod til alle som likar turar i skog og mark, og alle kan delta enten ein orienterar åleine eller saman med vener og familie. Turorientering gjev også eit godt høve til å lære seg å bruke kart og kompass.
Årets tur-o konvoluttar er i salg hjå: Sport1 Ytreeide, G-sport Stryn, Esso Stryn bensinstasjon og Statoil Langeset.
Prisen på ein deltakarkonvolutt er kr 120,-.
Deltakarkonvolutten inneheld kart over postane. Det er i år eit kart for Tverrfjellet og eit kart i Ullsheimområdet. Der er også 2 klippekort-eit for nybyrjarar og eit for dei meir erfarne. Det er høve til å hjå ekstra kart og klippekort ved behov.
Pris ekstra klippekort kr. 10,-. Pris ekstra kart kr. 20,-
Det er poeng for kvar post og høve til å oppnå bronse, sølv- og gullmerker etterkvart som det vert samla nok poeng.
Vi ønskjer alle god orienteringstur!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL

Sogn og Fjordane tok NM-gull på stafetten!
02.04.2025

Kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
02.04.2025

NM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide
28.03.2025

Takk for innsatsen til brørne Bø!
25.03.2025