Sandane 27.06.2011:
Postet av Markane IL den 4. Jul 2011
God deltaking på "Skitrening med Odd-Bjørn Hjelmeset".
Måndag 27.juni inviterte Odd-Bjørn Hjelmeset, veslebror Roar Hjelmeset, tidlegare landslagstrenar Morten Aa Djupvik og vår eigen Sjur Ole Svarstad, som for øvrig er påtroppande trenar for rekruttlandslaget, til skitrening for ungar mellom 8-14 år på idrettsplassen på Sandane.
9 ungar frå Markane IL reiste til Sandane for å vere med på arrangementet
Totalt var der nesten 60 born som møtte opp i striregnet, men det var ingenting å seie på innsatsen. Under samlinga vart det øvingar med og uten stavar, stafettar med meir. Alle fekk oppleve at langrennstrening er alt anna enn kjedeleg! Det vart ein god time med mykje futt og fart.
Etter økta fekk alle deltakerpremiar, bollar, sjokolade, saft og rosiner. I tillegg vanka det caps, hue eller buff.
Fleire foto frå samlinga finn du nedanfor. Fotograf er Margunn Hjelmeset.
Nokre av deltakarane før treninga startar:
Odd-Bjørn Hjelmeset og tidlegare landslagstrenar Morten Aa Djubvik var trenarar.
Ivrige deltakarar testar ulike treningsmetodar:
Mange spennande øvingar vart testa ut:
Den nye landslagstrenaren for rekruttlandslaget Sjur Ole Svarstad instruerer ein ung deltakar:
Fleire foto av unge deltakarar på samlinga.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
05.04.2024
Resultatliste frå cuprenn nr 5 i skicross
12.03.2024
Cuprenn nr 5 i skicross
11.03.2024