NM i skiskyting Målselv, 01.04.2011:
Postet av Markane IL den 1. apr 2011
Kongepokal til Tarjei Bø!
-Og ny flott 6.plass til Johannes Thingnes Bø.

Tarjei Bø sikra seg karrierens første kongepokal då han vann sprinten under NM i skiskyting i Målselv. Johannes Thingnes Bø gjekk inn til nok ein flott sjetteplass i senior-NM.
Trass ein strafferunde på kvar av skytingane vart det siger for Tarjei Bø også på sprinten under NM. I mål var han 10 sekund føre Alexander Os frå Ishavslaget. Dag Erik Kokkin vart nummer tre.
Johannes Thingnes Bø leverte nok ein utruleg prestasjon då han også på dagens sprintdistanse gjekk i mål på ein sjetteplass. Johannes skaut feilfritt på liggjande og fekk to rundar på ståande. På jaktstarten laurdag går dermed Johannes ut som nummer seks, 1 minutt og 21 sekund etter Tarjei.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026
Resultatliste frå sesongens 7.cuprenn
10.03.2026