Andre Haugsbø til topps i Tverrfjelldilten 2022
Postet av Markane IL den 6. feb 2022

Andre Haugsbø gjekk nok ein gang til topps i Tverrfjelldilten. Per Eivind Gurven var nest raskast medam Bjørn Ole Vassbotn hadde tredje beste tid. (Foto: Inge Fænn/Fjordingen)
Den niande Tverrfjelldilten vart arrangert på Ullsheim søndag 6.februar. Rennet er seedingrenn for Birkebeinerrennet. Talet på deltakarar i år var berre 11 og i tillegg ein deltakar på SSF-cup 10 km. Kanskje ikkje så rart etter to år med korona og restriksjonar. Veret viste seg ikkje frå si beste side og det vart mykje snøkave å kome seg gjennom på dei 4 x 10 kilometerane.
Andre Haugsbø (M41-45) gjekk nok ein gang heilt til topps med tida 2: 23. 52. Neste beste tid gjekk til vinnaren av M51-55, Per Eivind Gurvin med 2: 38: 48. Tredje beste totaltid hadde Bjørn Ole Vassbotn med 2: 45: 35.
Det stilte ingen opp i kvinneklassene i år.
I SSF-cup 10km var ein deltakar, Gard Sønnesyn i M15-16.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026