Topp-ti plasseringar til Katrine Svarstad Heggdal og Linnea Melheim Espe
Postet av Markane IL den 22. mar 2025

Katrine Svarstad Heggdal (Arkivfoto: Fjordingen) vart nr 8 i K19 og Linnea Melheim Espe nr 9 i K20-22 på normalen under NM for ungdom og junior i Folldal. Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL tok NM-gull i K20-22.
Det vart gull til Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL i K20-22 under NM for ungdom og junior. Men også fleire av Markane sine deltakarar gjorde det godt i NM. I same klasse vart Linnea Melheim Espe nr 9. Ho trefte 18 av 20 blinkar og var i mål 4 min 18 sekund etter vinnaren. Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein 19.plass i klassen etter ein liten blanda dag på standplass med totalt 6 tilleggminutt. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nr 24, Mari Sofi Meland nr 28 og Elina Østerbø nr 32.
Den beste plasseringa til Markane denne dagen kom i 19-årsklassen der Katrine Svarstad Heggdal gjekk inn til ein flott 8.plass. Katrine skaut fullt på begge dei liggande skytingane, men fekk 3 minutt tillegg på kvar av dei ståande. Ho var 4 min 19 sekund etter Julie Tronerud Kvelvane som tok NM-gull.
Simon Hjelmeset Kirkeeide deltok i menn senior og gjekk inn til ein 20.plass. Han hadde seks tilleggsminutt og var 5 min 46 sekund etter klassevinnar Herman Dramdal Borge.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026