Kategori
Holmenkollen 15.9.2012:
Postet av Markane IL den 15. Sep 2012
NM-gull i rulleskiskyting til Jarle Midthjell Gjørven!
-Bronsemedalje til Johan Eirik Meland
Jarle Midthjell Gjørven vann gull på sprinten under NM-rulleskiskyting. Foto: Team Statkraft Nordfjord
Jarle Midthjell Gjørven tok gull i klasse M20/21 under dagens sprint i NM-rulleskiskyting. Med to feilfrie skytingar og god fart i løypa vann han med 15,1 sekund ned til sølvmedaljør Vegard Bjørn Gjermundshaug frå Alvdal IL. Bronsen gjekk til Håkon Svaland frå Birkenes IL/SVG som var 26,1 sekund bak Jarle i mål.
Også Johan Eirik Meland sikra seg medalje på dagens sprint. Sjølv om det vart ein bom på kvar av skytingane, vart det til ein flott bronsemedalje i klasse M19 berre 31,3 sekund bak vinnaren av klassa Simon Ågheim Kalkenberg frå Skonseng UL. Sølvet gjekk til Aslak Nenseter frå Bø IL/ SVG som var 3,1 sekund bak vinnaren. Begge desse hadde ein bom kvar.
I seniorklassa vart det sjuandeplass til Johannes Thingnes Bø. Med ein bom på kvar av skytingane var Johannes 2 min 8 sek bak Ole Einar Bjørndalen. Ole Einar feilfri skaut feilfritt og vann med over eit minutt differanse ned til Lars Berger på sølvplass. Vetle Sjåstad Christiansen sikra seg bronsen.
Markane IL hadde også ein deltakar i M17, Georg Kristian Halsteinslid som kom på 46.plass. Sindre Pettersen frå Nittedal IL vart gullvinnar i denne klassa.
Resultatlistene for klassene med deltakarar frå Markane IL er lagt ut nedanfor og i arkivet. For øvrige klassar og meir frå NM rulleskiskyting 2012 viser vi til arrangørens heimeside.
Johan Eirik Meland tok bronsemedalje i M19 under NM rulleskiskyting 2012. Foto: Team Statkraft Nordfjord
Resultatliste NM rulleskiskyting menn senior Dato: 15.9.2012
Resultatliste frå NM rulleskiskyting klasse M20/21 Dato: 15.9.2012
Resultatliste frå NM rulleskiskyting klasse M19 Dato: 15.9.2012
Resultatliste frå NM rulleskiskyting klasse M17 Dato: 15.9.2012
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.