Kategori
Sandane 09.09.2012:
Postet av Markane IL den 27. Jul 2012
REGIONSLEIKAR FOR NORDFJORD 2012
OBS:Stemnet er utsett til 9.september!!
FRIIDRETTSTEMNE FOR GUTAR OG JENTER 8 - 12 ÅR
Tidspunkt: Søndag 9. september kl. 14.00
Stemnet går på Idrettsplassen på Sandane, i år med oppfriska raudstubbdekke.
Krinsen og arrangørlaga sin intensjon med stemnet er som tidlegare å få opp interessa for friidretten mellom dei aller yngste så vi håper mange born stiller opp!Skulle det vere 7-åringar som har lyst å vere med, er stemnet ope for desse. Dei stiller i så fall saman med 8-åringane.
STEMNEOPPLYSNINGAR:
Aldersgruppe: 8-12 år
Øvingar: 60 m, lengde og liten ball.
4 x 60 m stafett, der ein kan nytte 4 løparar innanfor aldersgruppa . Gjerne mix. lag.
Premiering: Medaljer til alle deltakarane som er med i alle tre enkelt-øvingane. Det vert også litt premiering uttrekt på startnummer.
Påmelding : E-post til dagfinn.nyhammer@c2i.net
Det er også mogleg å melde seg på ved å sende brev til Fjellhug/Vereide IL v/Dagfinn Nyhammer, Kreklingen 4 6823 Sandaneinnan 5.september. Ikkje startkort, berre samleliste!
Startpengar: kr. 80,- pr. deltakar.
Startpengar sendast på bankgiro 3710.30.87512.
Garderobe: STIL-stova ved Stadion.
Informasjon: Dagfinn Nyhammer, tlf. 57 86 61 14 (p)
eller Birger Berge tlf. 57 86 55 73 (p)
Sjå også heimesida til Fjellhug/Vereide: www.fjellhugvereide.no
Invitasjonen er også utlagt i pdf-format nedanfor:
Innbyding til regionsleikane 09.09.2012 Arrangør: Fjellhug/Vereide IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.