Kategori
Nove Mesto 12.01-15.01.2012
Postet av Markane IL den 15. Jan 2012
Tarjei Bø tilbake i verdscupen.
Etter at han måtte stå over verdscuprenna i Oberhof etter sjukdom i jula, var Tarjei Bø tilbake i verdscupsirkuset under løpa i Nove Mesto.
Resultata vart ikkje heilt i toppen etter sjukdomsavbrekket. Spesielt var skytinga noko variabel. På normaldistansen vart det ein 13.plass, på sprinten ein 20.plass og 21.plass på jaktstarten. Dermed ligg Tarjei Bø no på ein 5.plass i verdscupen samanlagt 97 poeng etter Emil Hegle Svendsen. I sprint- og jaktstartcupen samanlagt er Tarjei no på tredjeplass.
Alt neste helg kjem sjansen til å oppnå nye toppresultat. Då er det klart for verdscupløp i Anterselva.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.