Kategori
Sirdal 28.3.2015:
Postet av Markane IL den 29. Mar 2015
NM-sølv til Tarjei Bø
Tarjei Bø gjekk inn til NM-sølv på fellesstarten i Sirdal. Foto: Simen Haughom
Tarjei Bø gjekk inn til sølv under fellestarten for menn i NM. NM-gullet gjekk til Henrik L`Abee Lund.
Etter to feilfrie seriar på liggande, vart det to bom for Tarjei på den nest siste skytinga. Då alt skulle avgjerast på siste ståande, skaut Tarjei fullt medan Lund bomma to gonger. Utfrå siste skyting skilde det berre 11 sekund ned til Tarjei på andreplass, men Lund gjekk raskast på sisterunden, og var 23 sekund føre Tarjei i mål.
Jarle Midthjell Gjørven vart nummer 47 og Georg Halsteinslid nummer 54 få fellesstarten, begge med fem bomskot kvar.
Johan Eirik Meland tok ein flott 5.plass i finalen under Statkraft juniorcup. Han pådrog seg totalt tre bom og enda berre 5,6 sekund bak pallen i klasse M20-21. Klassesigeren gjekk til Aslak Nenseter.
Resultatliste NM Fellesstart menn Sirdal 28.3.2015.
Resultatliste Statkraft Junior Cup fellesstart Sirdal 28.3.2015.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.