Kategori
Ullsheim 6.11.2014:
Postet av Markane IL den 12. Nov 2014
Premiefesten 2014
Hedda Garlid Hilde, Maren Hjelmeset Kirkeeide, Emilie Flo Stavik og Marthe Gjøvåg Heggestad får premiar for god innsats i cupen. Foto: Margunn Hjelmeset
Markane IL hadde sin årlege premiefest torsdag 6. november. Her vart det delt ut premiar innan orientering (lagsmeisterskap, nær-o-løp og tur-o), setretrim og ski (cup og lagsrenn). Dei som har oppnådd premieplassar i Hovudlandsrenna (langrenn og skiskyting), Norgescupen i skiskyting, NM skiskyting og NM rulleskiskyting fekk også sine påskjønningar. Sidan det var dårleg med snø førre sesong vart det ikkje arrangert lagsrenn i skiskyting.
Nedanfor er lagt ut foto frå premieutdelinga av mange heldig premievinnarar. Fotograf er Margunn Hjelmeset.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.