NM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide

Postet av Markane IL den 28. Mar 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg NM-gullet på sprinten på Stiklestad! 


Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg NM-gullet føre 7 sekund føre Hanna Bøvre frå Kvam IL medan Karoline Erdal frå kom på tredjeplass 11,9 sekund etter Maren.

Maren starta med ein bom på den første liggjande skytinga og gjekk der ut på ein 34.plass, men med fem rett ned på ståande og ein forrykande sisterunde var NM-sigeren i boks. 

Det var også gode resultat til fleire av dei andre Markaneløparane. Emilie Flo Stavik fekk ein bom på kva skyting, men gjekk likevel inn på 14.plass med 1min 13 sekund bak vinnaren. Katrine Svarstad Heggdal skaut fullt og gjorde eit kjempeløp i konkurranse med seniorløparane med ein 23.plass. Ho var 1min 35 sekund bak Maren.

Vidare gjekk Linnea Melheim Espe inn til 33.plass med ein bom var ho 2 min etter vinnaren. Mari Sofi Meland (1+2) vart nr 73, Elina Østerbø (1+2) nr 78 og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide (0+3) nr 94. Det stilte i alt 161 løparar opp på sprinten

I herreklassen sikra også Aksel Mathias Meland seg ei god plassering då han gjekk inn til 22.plass med ein bom totalt. Han var 2min 17 sek etter Sverre Dahlen Aspenes som vann med feilfri skyting. Sturla Holm Lægreid følgde på andreplass og Johan Olav Smørdal Botn på tredjeplass.




Takk for innsatsen til brørne Bø!

Postet av Markane IL den 25. Mar 2025

Det vart eit flott punktum i Holmenkollen då brørne Bø avslutta sine innhaldsrike karrierar sjølv om det ikkje vart plasseringar heilt i toppen i det aller siste rennet. 

Søndag var det klart for den siste fellesstarten til brørne Bø. Tarjei var tilbake på start meir og mindre rett frå sjukesenga og sklei til slutt inn til ein 23.plass med flagg i handa i sitt siste renn. Johannes var nokolunde med i teten også denne dagen, men med ein bom på kvar av skytingane vart det ein 7.plass. Rennet vart vunne av Sebastian Samuelsson frå Sverige. Eric Perron kom på andreplass og Endre Strømsheim på tredjeplass. 

I årets samanlagtcup kom Johannes på ein andreplass -rett bak Sturla Holm Lægreid som tok sigeren. Tarjei kom på 8.plass i sin siste totalcup. 

Trass i at det ikkje vart pallplass i det aller siste rennet vart det stor stemning både i Holmenkollen og Stryn der mange hadde måtte fram for å hylle dei for fantastisk innsats i løypene i ei årrekkje.

Tarjei oppnådde i løpet av karrieren 15 individuelle sigrar i verdscupen. Han tok tre gull, to sølv og to bronse i OL- og 12 gull, 7 sølv og 9 bronse i VM.  Han er den mestvinnande stafettløparane i VM-historia med 7 stafettgull. Han vann også verdscupen totalt i 2010-2011 og har i tillegg vunne totalt 5 disiplincupar.

Johannes tok 91 enkeltsigrar i verdscupen. I OL vart det fem gull, sølv og 2 bronse, medan det i VM vart rekord med totalt 23 gull, 14 sølv og 6 bronse. Han har vunne den totale verdscupen fem gongar og har i tillegg 13 sigrar i disiplincupane samanlagt.

Heilt utruleg!

Takk for heilt fantastisk innsats gjennom mange år!




Foto (NTB): Mange tilhengarar hadde møtt opp i Holmenkollen for å hylle Tarjei og Johannes

'

Foto (Fjordingen): Mange var samla i Stryn sentrum i regi av Stryn Ping Ping for å få med seg dei renna




10.plass i verdscupen samanlagt til Maren Hjelmeset Kirkeeide

Postet av Markane IL den 25. Mar 2025

Det vart 26.plass på fellesstarten i Holmenkollen for Maren Hjelmeset Kirkeeide som var sesongens siste verdscupløp. Med dette sikra ho seg 10.plassen i den totale verdscupen for 2024-2025. Ho var dermed den beste norske kvinna i totalcupen. 


Maren startar fint også i det siste verdscupløpet for sesongen med fullt hus på første liggjande. På den andre liggjande serien vart det tre strafferundar og dermed eit stykke bak i feltet. Når det i tillegg kom to bom på første ståande og ein bom på andre ståande, vart det til slutt ein 26.plass og 3 minutt etter vinnaren Franziska Preuss frå Tyskland. Elvira Öberg kom på andreplass og Lou Jeanmonnot på tredjeplass. Preuss vann med det også totalcupen. 

Men sjølv om det vart litt ned på lista i det siste løpet, har det vore ein fantastisk sesong. Noko som 10.plassen med 548 poeng totalt viser. I løpet av sesongen vart det også individuell bronse i VM og sølv på VM-stafetten, to individuelle sølvplassar i verdscupen og 3 andre- og 3 tredjeplassar i verdscupstafettar.

Vi gratulerer med flott sesong!




4.plass til Ane Hjelmeset Kirkeeide i Young Star

Postet av Markane IL den 24. Mar 2025

Ane Hjelmeset Kirkeeide kom på 4.plass i Young Star i Holmenkollen. Her avbilda saman med Ida Frøysland frå Førde IL som vart nr 17. Foto: Nordfjord Team Tussa


BAMA Young Star er for utøvarar i årsklassane J/G15 og 16år. Konkurransen vert gjennomført kvart år i samband med World Cup Holmenkollen.  Kvalfossprinten, Hovedlandsrennet og Landsdelsmeisterskap Vest er kvalifiseringsrenn for å kunne delta i Young Star-rennet.

Ane Hjelmeset Kirkeeide hevda seg heilt i toppen i jenteklassen. Ho fekk ein bom på første skyting, men skaut fullt hus på ståande. Dermed var ho om lag eit minutt etter vinnaren Leonora Utheim Svela frå Figgjo IL som også hadde éi strafferunde.  Vienna Skinnes frå Lier IL kom på andreplass 26, sekund etter med to strafferunder. Ragnhild Nygård Bjerkås, Rennebu IL tok tredjeplassen, to sekund bak Skinnes, med to fulle hus. 

Vi gratulerer!





Andreplass til Johannes Thingnes Bø i den siste jakstarten

Postet av Markane IL den 23. Mar 2025

Det vart andreplass til Johannes Thingnes Bø i den siste jaktstarten. Dermed vart det også andreplass i jakstartcupen og i den totale verdscupen for 2024-2025.


Johannes Thingnes Bø var med i kampen om sigeren både i rennet, jaktstartcupen og totalcupen fram til siste skyting. Men med ein strafferunde enda det med andreplass på "alt". Sturla Holm Lægreid gjekk eit perfekt løp med fire fulle hus og kunne med det innkassere sigeren både i rennet og i totalcupen. Likevel flott innsats av Johannes som sikra seg nok ein pallplass i det nest siste rennet i karrieren. Quentin Fillon Maillet sikra seg tredjeplassen.

Søndag er det klart for fellesstart. Då er forhåpentlegvis også Tarjei tilbake på start.

I samband med renna er det folkefest i Stryn i regi av Ping Pong klubben. Vi håpar mange tek turen og får med seg det siste rennet.





Sikra seg 7.plass i jaktstartcupen totalt!

Postet av Markane IL den 23. Mar 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk seg opp frå 26. til 24.plass i sesongens siste jaktstart og sikra seg ein flott 7.plass i jaktstartcupen totalt! Vi gratulerer


Maren gjekk ut på 26.plass med 1 min 21 sekund opp til Franziska Preuss. Jaktstarten starta noko tungt for Maren med tre strafferundar på første skyting. Men derifrå og inn gjekk ho eit nesten perfekt renn. Det vart fullt hus på andre og fjerde skyting og ein bom på tredje. Dermed avanserte ho til ein 24.plass i den siste jaktstarten i sesongen. Dette heldt til å sikre seg sjuandeplassen i jaktstartcupen totalt. 

Sesongens siste jaktstart vart vunnen av franske Lou Jeanmonnot med Elvira Öberg frå Sverige på andreplass og Lena Haecki-Gross frå Sveits på tredje.

Lou Jeanmonnot vann jaktstartcupen totalt.




Suveren siger på den siste sprinten for Johannes!

Postet av Markane IL den 23. Mar 2025

Johannes Thingnes Bø fullførte den siste sprinten på best mogleg måte med nok ein siger! Dette sikra også siger i sprintcupen totalt. Vi gratulerer!


Trass i sjukdom forrige veke gjekk Johannes eit tilnærma perfekt løp i fin sol i Holmenkollen. Han fekk ned alle dei ti blinkane og sikra med det både siger i rennet og i sprintcupen totalt. Sturla Holm Lægereid som konkurrerer med Johannes om å vinne totalcupen, gjekk inn til andreplass. Det vart femdobbelt norsk i Kollen då Johannes Dale-Skjevdal, Isak Frey og Vebjørn Sørum følgde på dei neste plassane.

Tarjei Bø kom dessverre ikkje til start på grunn av sjukdom. Forhåpentlegvis er han tilbake til fellesstarten på søndag.







Sikra seg 8.plass i sprintcupen samanlagt

Postet av Markane IL den 23. Mar 2025

Det vart ein 26.plass i det siste sprintløpet for sesongen i Holmenkollen. Dette var bra nok til å sikra ein flott 8.plass i den totale verdscupen i sprint. Vi gratulerer!


Det vart ein bom på kvar av skytingane på sesongens siste sprint og dermed 1 min 21 sekund etter vinnaren. Ho gjekk inn til ein 26.plass i rennet totalt, men sikra seg med det ein flott topp-ti plassering i sprintcupen samanlagt. Ho kom på 8.plass der med 204 poeng. Franziska Preuss vann sprintcupen totalt med 414 poeng. Ho var også vinnaren av sprintrennet i Kollen med feilfri skyting. Andreplassen gjekk til Lou Jeanmonnot og tredjeplassen til Suvi Minkkinen




NM-gull til Simon Hjelmeset Kirkeeide på den blanda stafetten!

Postet av Markane IL den 22. Mar 2025

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk andreetappen på laget frå Sogn og Fjordane som tok gull i blanda stafett søndag. Med seg på laget hadde han Ask Haughovd frå Stårheim IL, Ann Kristin Aaland frå Hardbagg og Gunn Kristi Tvinnereim, også frå Hardbagg.

Det vart nokre ekstra skot undervegs, men alle fire kom seg velberga gjennom stafetten utan strafferundar. Når dei i tillegg heldt god fart i sporet, var dette nok til å sikra seg eit klart NM-gull. Oslo og Akershus kom på andreplass 8 sekund etter medan Oppland tok bronsene


Vi gratulerer!





8.plass til Mari Sofi Meland på sprinten i Norgescupen

Postet av Markane IL den 22. Mar 2025

Mari Sofi Meland gjekk seg inn til 8.plass på Norgescupen i sprint i Folldal og sørga med det for at det vart ei topp ti plassering til Markane også denne dagen.

Mari Sofi gjekk eit godt gjennomført løp med feilfri skyting på liggande og ein runde i ståande. Med bra fart også i løypa gjekk ho seg inn til ein flott 8.plass.Ho var 1min 1 sekund etter klassevinnaren i K20-22 som nok ein gang var Ann Kristin Aaland frå Hardbagg med feilfri skyting.

I same klasse gjekk Elina Østerbø inn til 14.plass, Emilie Flo Stavik vart nr 17, Linnea Melheim Espe kom på 21.plass og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nr 27.

I K19 hevda Katrine Svarstad Heggdal seg nok ein gong i toppen med ein 12.plass trass i at det vart totalt fire bom. Ho var 2 minutt og 40 sekund etter vinnaren Julie Tronerud Kvelvane

Simon Hjelmeset Kirkeeide vart nr 15. Han låg godt an etter feilfri skyting på liggande, men med fem bom på den ståande skyting vart det til slutt ein 15.plass 1 minutt 27 sekund etter vinnaren i menn senior. Espen Uldal. Aksel Mathias Meland gjekk inn til 27.plass i same klasse med totalt to bom





Topp-ti plasseringar til Katrine Svarstad Heggdal og Linnea Melheim Espe

Postet av Markane IL den 22. Mar 2025

Katrine Svarstad Heggdal (Arkivfoto: Fjordingen) vart nr 8 i K19 og Linnea Melheim Espe nr 9 i K20-22 på normalen under NM for ungdom og junior i Folldal. Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL tok NM-gull i K20-22.


Det vart gull til Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL i K20-22 under NM for ungdom og junior. Men også fleire av Markane sine deltakarar gjorde det godt i NM. I same klasse vart Linnea Melheim Espe nr 9.  Ho trefte 18 av 20 blinkar og var i mål 4 min 18 sekund etter vinnaren. Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein 19.plass i klassen etter ein liten blanda dag på standplass med totalt 6 tilleggminutt. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vart nr 24, Mari Sofi Meland nr 28 og Elina Østerbø nr 32.

Den beste plasseringa til Markane denne dagen kom i 19-årsklassen der Katrine Svarstad Heggdal gjekk inn til ein flott 8.plass. Katrine skaut fullt på begge dei liggande skytingane, men fekk 3 minutt tillegg på kvar av dei ståande. Ho var 4 min 19 sekund etter Julie Tronerud Kvelvane som tok NM-gull. 

Simon Hjelmeset Kirkeeide deltok i menn senior og gjekk inn til ein 20.plass. Han hadde seks tilleggsminutt og var 5 min 46 sekund etter klassevinnar Herman Dramdal Borge.





8.plass vart beste resultat i nest siste verdscuphelg

Postet av Markane IL den 21. Mar 2025

Tarjei Bø fekk den beste plasseringa av brørne i den nest siste verdscuphelga deira då han vart nr 8 på fellesstarten i Pokljuka. På normalen vart det ein 15.plass medan Johannes som berre gjekk denne distansen vart nummer 10


Den nest siste verdscuphelga innleia med normaldistanse. Både Johannes og Tarjei skaut godt, men rauk på kvart sitt tilleggsminutt på siste skyting. Farten i sporet var ikkje på absolutt maks denne dagen så til slutt vart det 10.plass til Johannes som var 1 min 52 sekund bak vinnaren og 15.plass til Tarjei, 2 min 39 sekund etter. Vinnar vart Jakov Fak med 20 treff. Andreplassen gjekk til Sturla Holm Lægreid og tredjeplassen til Martin Ponsiluoma frå Sverige

Johannes stod over fellesstarten på grunn av sjukdom. Tarjei fekk ein bom på kvar av dei liggjande skytinga under fellesstarten, men gjekk likevel inn til ein 8.plass som vart beste Bø-plassering denne helga. Han var 1 min 26 sekund etter vinnaren Eric Perrot frå Frankrike.Andreplassen gjekk til Quentin Fillon Maillet medan Sturla Holm Lægreid gjekk inn til tredjeplass.

Neste helg er det klart for avslutningshelg for Tarjei og Johannes under verdscupen i Holmenkollen,




Tredjeplass til blanda stafett i Pokljuka

Postet av Markane IL den 21. Mar 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk første etappe på det norske laget som tok bronse på blanda stafett i Pokljuka. Med seg på laget hadde ho Ida Lien, Johannes Dale-Skjevdal og Isak Frey

Maren gjekk ein flott første etappe med fullt hus på liggjande skyting og berre eit ekstra skot på ståande. Inn til veksling var Noreg i teten med Sverige rett bak. 

Ida Lien gjekk andre etappe. Ho trengde eit ekstra skot på første og to på andre skyting, men med god fart i sporet var Noreg på ein andreplass likevel berre 12 sekund etter Sverige som leia.

Johannes Dale-Skjevdal gjekk også bra i løypa. Det vart to ekstraskot på kvar av skytingane. Dermed gjekk Frankrike forbi Noreg som veksla på ein tredjeplass med 19 sekunds differanse til teten.

Isak Frey var ankermann for Noreg. Han skaut feilfritt på liggjande, men trengde to ekstraskot på ståande. Han hadde bra margin bakover til Austerrike på fjerdeplass og gjekk Noreg inn til pallplass, 20 sekund etter vinnaren. Sverige tok sigeren medan Frankrike vart nummer 2.




9. og 14.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide i Pokljuka

Postet av Markane IL den 19. Mar 2025

Det vart 9.  på normalen og 14 plass på fellesstarten til Maren Hjelmeset Kirkeeide i den nest siste verdscuphelga for sesongen.

Helga i Pokljuka inneleia med normaldistanse. Maren vart nok ein gong best av dei norske då ho gjekk inn til niandeplass og dermed nok ei topp-ti-plassering i verdscupen. Maren fekk ein bom på den første skytinga, men leverte feilfritt på dei tre neste skytingane og enda dermed med 19 treff. I mål var ho 2min 6 sekund etter franske Julia Simon som skaut 20 treff. Andreplassen gjekk til Hanna Öberg medan Franziska Preuss kom på tredjeplass. Nok ein gong flott innsats av  Maren som var best av dei norske kvinnene


På fellesstarten vart det  ingen som kunne gjere noko med franske Lou Jeanmonnot. Ho leia løpet frå start til slutt og gjekk i mål før bulgarske Milena Todorova. Tredjeplassen tok Anamarija Lampic.

Beste norske på fellesstarten vart Ida Lien med sin 11. plass.

Maren var med i kampen om pallen fram til siste skyting, men rauk på to strafferundar og enda til slutt på ein 14. plass.





Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra andreplass til Noreg i stafetten.

Postet av Markane IL den 9. Mar 2025


Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk ankeretappen og sikra Noreg ein flott andreplass i verdscupstafetten i Nove Mesto. Frankrike gjekk av med sigeren.


Det starta noko tungt for Noreg då Karoline Knottenmåtte bruke fem ekstraskot på sine to seriar. Ved første veksling låg Noreg på 8.plass. Ingrid Tandrevold klarte seg med eit ekstraskot på kvar serie og veksla på ein fjerdeplass.. Ragnhild Femsteinevik  gjekk tredje etappe og klarte seg også fint, med eitt ekstraskot på kvar av seriane. Noreg var dermed oppe på andreplass og det var opp til Maren å sikre pallplassen heilt i mål.

Maren starta flott på liggjande skyting med fullt hus. På den ståande skytinga vart det to ekstraskot. Ho heldt likevel avstanden bak til Tyskland på tredjeplass. Frankrike sikra seg nok ein stafettsiger 25 sekund føre Noreg. Medan Maren gjekk inn til andreplassen med ein 22 sekunds margin ned til Tyskland på bronseplassen. 




2.plass i siste ordinære stafett for brørne Bø

Postet av Markane IL den 9. Mar 2025

Det norske laget med Tarjei Bø på andre etappe og Johannes Thingnes Bø på ankeretappen gjekk inn til andreplass etter Frankrike i den siste ordinære verdscupstafetten.


Etter ein sesong der Frankrike har vunne alle verdscupen på stafett medan Noreg vann VM-stafetten var det knytt spenning til om Noreg kunne sikre siger i brørne Bø sin siste verdscupstafett.

Martin Uldal sikra leiinga etter ein sterk første etappe. Han opparbeidde eit forsprang på nærare 20 sekund til Tarjei Bø på andre etappe. Tarjei gjorde ei god liggjande skyting men brukte tid i vinden på den ståande serien. Det gjorde at Frankrike kom nærare Norge på standplass. Men Tarjei gjekk ifrå Frankrike i løypa, slik at leiinga framleis var 17 sekund då Sturla Holm Lægreid tok fatt på tredje etappe.

Lægreid gjekk ein heilt grei etappe. Det vart litt trøbbel på liggjande og ikkje heilt maksfart i sporet.. Men med ei god avslutning på etappen bra veksla Noreg i ryggen på Frankrike.

Då var det opp til Johannes Thingnes Bø å avgjere det heile. Dessverre svikta det på den siste skytinga som enda med ein strafferunde. Dermed kunne nok ein gong  det franske laget stå øvst på  pallen medan Noreg gjekk inn til andreplass.




12. og 8.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide i Nove Mesto

Postet av Markane IL den 9. Mar 2025

Maren gjekk nok ein gong to gode løp i verdscupen då ho sikra seg ein 12.plass på sprinten fredag og gjekk seg opp til ein 8.plass på jaktstarten laurdag


Det vart mange norske løparar i toppen på lista på sprinten. Maren Hjelmeset Kirkeeide fekk ein bom på liggande, men skaut raskt og godt på ståande og hadde i tillegg stor fart i sporet på slutten av løpet. Det førte til slutt til ein solid 12. plass.

Saman med resten av laget kunne ho gle seg over at  Ingrid Landmark Tandrevold, var tilbake i storform. I dag skaut Tandrevold ned to fulle hus og heldt høg fart i sporet. Det førte henne rett til topps, framfor franske Justine Braisaz-Bouchet og Julia Simon. Karoline Knotten vart nr. 6 i sprinten, også ho med fullt hus.

På jaktstarten fekk Maren endå betre utteljing.Det starta med alle fem blinkane rett ned på første skyting. Det gjentok ho også på den andre liggjande serien. Også på første ståande skyting skaut Maren perfekt og  ut på den nest siste runden var ho oppe på ein 6. plass og med i kampen om pallplassane, omlag halvminuttet opp til tet.Dessverre vart det ein bom på den siste skytinga, og med det glapp også kampen om dei aller øvste plassane. Men 19 treff og avansement til 8. plass frå 12. er absolutt veldig godt levert

Vinnar frå sprinten, Ingrid Landmark Tandrevold, skaut på seg tre bom på den tredje skyting og når det også vart to bom på siste skyting vart det ein 17.plass. Dagens vinnar vart Julia Simon frå Frankrike. Hanna Öberg frå Sverige kom på andreplass medan Oceane Michelon tok bronseplassen.





Johannes tilbake i gul leiartrøye

Postet av Markane IL den 9. Mar 2025

Johannes Thingnes Bø er tilbake i gul leiartrøye i den samanlagde verdscupen i skiskyting etter å ha sikra seg tredjeplass både på sprinten og jaktstarten i Nove Mesto. Tarjei Bø gjekk inn til 22.plass på sprinten, men leverte ein god jaktstart og gjekk seg opp til 13.plass.


Johannes Thingnes Bø overtok leiinga i samanlagtcupen etter å ha oppnådd betre plassering enn Sturla Holm Lægereid både på sprinten og jaktstarten.

Det starta dårleg for Johannes på sprinten med to strafferundar etter liggande skyting, medan Sturla Holm Lægreid skaut fullt hus. På ståande vart det derimot omvendt og med fullt hus til Johannes, og med god fart i sporet, gjekk han inn til tredjeplass. Sturla Holm Lægreid enda til slutt på ein 14.plass.

Emilien Jacquelin frå Frankrike, vann sprinten. Han skaut to fulle hus. Tomaso Giacomel, Italia, kom inn som nummer to. Tarjei Bø skaut fullt på liggande, men med tre strafferundar på ståande vart det til slutt ein 22. plass.

På jaktstarten gjekk Johannes ut som nummer tre og kom også i mål som tredjemann. Sturla Holm Lægreid gjekk også godt og gjekk i mål på femteplass. Det betyr trøyeskifte for Bø og Lægreid, men med berre fem poengs margin.

Svenske Sebastian Samuelsson var suveren i tet med fire fulle hus. Han vann føre italienske Giacomel.

Tarjei Bø hadde ein betre dag på jaktstarten. Frå sitt utgangspunkt som nummer 22 etter sprinten gjekk han seg opp til 13. plass med totalt to strafferundar




28.plass på fellestarten i junior VM til Emilie Flo Stavik

Postet av Markane IL den 3. Mar 2025

Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein 28.plass på fellesstarten i junior-VM i Östersund. Ho hadde god fart i sporet, men hadde ikkje heilt dagen på standplass der det vart ni bom totalt. Likevel var ho nok ein gang i den beste halvparten av resultatlista. Ann Kristin Aaland frå Hardbagg vart beste norske med ein flott 7.plass som gjennomførte fellesstarten med berre tre bom totalt. Ho var 54,7 sekund etter vinnaren som vart Sara Andersson frå Sverige med fire bom.


Det starta bra for Emilie på første skyting med fullt hus og ho var godt framme i løpet. På den andre skytinga vart det to bom, men det var på tredje skyting ei plassering heilt i toppen rauk då det vart fem strafferundar. I tillegg kom det to rundar til på siste skyting. Likevel heldt det til å vere i beste halvpart av VM- feltet. Emilie gjekk inn til ein 28.plass i klassa og var 2 min 33 sekund etter vinnaren. Emilie si langrennstid var praktisk talt identisk med Ann Kristin si tid i sporet så med litt betre utteljing på den ståande skytinga hadde vegen vore kort til ei plassering heilt framme i teten også for Emilie.

Junior-VM vert avslutta med stafettar på onsdag.

Resultat frå fellesstarten: https://www.biathlonworld.com/results/BT2425JWRLCH__JWM6






29.plass på sprinten til Emilie Flo Stavik under junior-VM i skiskyting

Postet av Markane IL den 3. Mar 2025

Emilie Flo Stavik gjekk inn til 29. plass av 99 løparar på sprinten i junior-VM i Östersund.

Emilie held høg fart  i løypa og ut i frå start var ho blant dei med raskaste opning av alle. Då alle hadde passert 1,9 kilometer, låg ho på 5. plass, fire sekund bak teten.

På liggjande skyting vart det to bom, og ut frå standplass låg ho eitt minutt bak teten. Farten i sporet var høg, men då det også på ståande  kom tre bom vart det litt ned på lista. Det heldt likevel til ein plassering i beste tredjedel i mål med ein 29. plass av 99 startande, og var litt over to minutt bak vinnaren Anna Andexer frå Østerrike som hadde ein bom. Beste norske vart Silje Berg Knutsen på 6.plass som var 1min 5 sekund etter vinnaren med feilfri skyting.

Junior-VM i skiskyting i Östersund held fram utover veka med fellesstart og stafett.

Resultat frå junior-VM ligg her: https://www.biathlonworld.com/live?c=BT2425JWRLCH__&u=BTHW7.5KMSPJ----------FNL-000100--




Gull nr 2 til Ane Hjelmeset Kirkeeide under LM skiskyting

Postet av Markane IL den 3. Mar 2025

Ane Hjelmeset Kirkeeide (Arkivfoto: Fjordingen) tok gull også på kort normaldistanse i J15 under vestlandsmeisterskapen i skiskyting på Voss. Også dei tre andre deltakarane frå Markane fekk med seg to medaljar heim. Syver Melheim Espe (G15) og Brita Svarstad Heggdal (J14) sikra seg sølv på dag to av arrangementet medan det vart bronse til Katrine Svarstad Heggdal i K19.


Etter tre gull og ein bronse på første dag av Vestlandsmeisterskapen vart det også på dag to medalje til alle deltakarane frå Markane IL med ein gull, to sølv og ein bronse.

Ane Hjelmeset Kirkeeide kunne reise heim frå LM med to gull i klasse J15. På normalen søndag vart det totalt fem bom på dei to sskytingane, men med god fart i sporet og vann ho klassa med 23 sekunds margin på Ingeborg Smørdal Hjelle frå Stårheim som hadde tre bom totalt.

Syver Melheim Espe fekk seks bom på standplass, men det god fart i løypa var han likevel berre 8 sekund etter klassevinnaren Georg Helle Bruås frå Fana  som hadde fire bom. Syver sikra seg eit flott sølv på distansen i G15

Brita Svarstad Heggdal fekk totalt fire bom og sikra seg også sølv på normalen. i J14 Ho var 1 min 59 sek etter klassevinnaren Maria Istad Kristiansen som hadde to bom. Katrine Svarstad Heggdal gjekk inn til bronse i klasse K19 Ho skaut seriane (4+4+3+1). Ho var 54 sek etter Andrea Sørheim Almeland frå Kvam Langrenn og skiskyttarklubb som trefte litt betre på standplass med (3 +1+3+2).

Vi gratulerer alle med LM-medaljane!




Tre gull og bronse på sprinten på LM

Postet av Markane IL den 1. Mar 2025

Det vart tre gull og ein bronse under sprinten på vestlandsmeisterskapen. 

Katrine Svarstad Heggdal vann K19-klassen med totalt tre bomskot på sprinten. 

Syver Melheim Espe vann 14-årsklassen for gutar, trass i seks bom på standplass  medan Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk heilt til topps i 15-årsklassen. Ho pådrog seg totalt fire bom på skytingane, men var likevel 1.22 minutt foran nummer to som fekk ein bom. 

I 14-årsklassen kom Brita Svarstad Heggdal på tredjeplass, med totalt fire bomskot.

Foto (Maranae IL): Frå vemstre Syver Melheim Espe, Ane Hjelmeset Kirkeeide og Brita Svarstad Heggdal 

Vi gratulerer!